Hardanger Cideri AS
Hardanger Cideri AS
Hardanger Cideri AS Org. nr.: 956 995 140 Me er 5 fruktdyrkarar som eig firmaet: Torill S. Widding - styreleiar Sjur Jaastad - dagleg leiar Øyvind Lund - prod. sjef Reidar Instanes. - prøvesmakar Terje Bleie - prøvesmakar Om oss Hardanger Cideri AS held til på garden Jåstad på vestsida av Sørfjorden i Ullensvang, ved riksveg 550, 10 km sør for Utne. Her har 5 fruktdyrkarar i fellesskap laga til eit produksjonsanlegg for saft og cider i ein gamal driftsbygning. Bak solide steinmurar finn du her moderne utstyr til pressing, lagring og tapping. Selskapet har løyve til produksjon av alkoholhaldig cider som kan leverast til serveringsstader som har skjenkeløyve. I tillegg produserer me cider med 4,7 vol.% alkohol som kan seljast i gardsbutikkar og daglegvare- forretningar. Me kan også levera nypressa og/eller pasteurisert eplesaft. Produksjonsprosessen Cider er gjæra eplesaft. Norske eple har god aroma og syrebalanse, og eignar seg derfor godt til cider. Vår cider er blanding av Gravenstein, Summerred og Aroma. I tillegg har me ”kryddersortar” som James Grieve og Bramley Seedling. Me har også planta eit felt med typiske cidereplesortar importert frå Normandie og Sør-England. Etter hausting i september-oktober blir safta pressa ut av knuste eple og sett til gjæring. Moderat temperatur og lang gjæring gir best resultat. Når våren nærmar seg er cideren klar for omtapping og klaring før han blir tappa på flasker.
ID: 9098 Last updated 1 day ago Added to database 14 years agoQuick Stats
1
Beer1
Review0
LikesWhere in the World?
Rating Distribution
Top Members
Most Reviewed By:
Not Yet AvailableMost Drunk By:
Not Yet Available